
Eg har nyleg komen heim frå AUF sin sommarleir på Utøya, Noregs viktigaste talarstol og beste sjekkestad i følge Dagbladet.

Opp mot 800 politisk engasjerte ungdommar frå heile landet deltok.

Mange viktige saker vart tatt opp på leiren, gjennom verkstadar, debattar og foredrag. Tema var blant anna olje, skule, asyl- og ruspolitikk. Tv2, Nrk, dagbladet og mange andre mediestadar var difor også til stade.

Mange campar hadde temaer. Her ser vi Rogaland som har laga sin versjon av Gaza.

Møre og Romsdal hadde sin bodskap "LOL -La olja ligge!"

Ein smakebit av gjengen frå Møre og Romsdal.

Latteren fyllte rommet då stand-up komikar Janne Rønningen avslutta si økt med
Siv Jensen som med sine sang- og danseferdigheitar syng "Jag trodde englana fans" saman med Ole Ivars.

Nokre som var litt flinkare å underhalde var Harrys Gym og...

Lars Vaular.

Stemninga vart ikkje dårlegare då Vaular fekk alle til å synge med på "Kem skjøt Siv Jensen?", og avslutta med "det e bra dåkkar e blodtørste, Auf!".

Vaffelpresseriet hadde som vanleg verdas beste vaflar og søte vaffelgavekort.

Og så var statsministeren på plass, som sjølv har vore Auf-leiar i si tid.

Jens fekk mykje applaus og jubel for mange gode resultat, og politikk som vi i dag tek for gitt, men som var ein kamp i si tid. -Mykje av den politikken starta nettopp her, på Utøya, fortalte statsministeren.

Men det var ikkje berre lagt opp til koseprat. Ungdommen i arbeiderpartiet (partiets salt) har nemleg fleire ting dei er skuffa over i moderpartiet og resten av regjeringa. For eksempel har det stått alt for stille i miljøpolitikken. Nei til olje i Lofoten, Vesterålen og Senja, Ja til betre og billigare kollektivtransport.

Andre temaer som engasjerte var ein meir humanitær asylpolitikk, nei nato, nei til eu og ja til bistand og fred.

Møre og Romsdal scora nesten full pott i konkurransa om den mest miljøvennlege campen. Men det var Hordaland som stakk av med prisen.